Las Palmas de Gran Canaria
Las Palmas de Gran Canaria | |||||
---|---|---|---|---|---|
Utsyn over Las Palmas | |||||
| |||||
Kallenamn «Las Palmas» | |||||
Styresmakter | |||||
Land Autonom region Provinsar |
Spania Kanariøyane Las Palmas | ||||
Grunnlagd | 24. juni 1478 | ||||
Borgarmeister | Augusto Hidalgo (i 2018)[1] | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 100,55 km² | ||||
Flatevidd - By |
100,55 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2017) - folketettleik |
377 650[2] 3790/km² | ||||
Høgd over havet | 8 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
WET (UTC+0) WEST (UTC+1) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.laspalmasgc.es | |||||
Plassering | |||||
Las Palmas de Gran Canaria, òg berre kalla Las Palmas, er regionshovudstad (i lag med Santa Cruz), ein kommune, og den største byen på Kanariøyane. Byen ligg nordaust på Gran Canaria, om lag 150 km utanfor nordvestkysten av Afrika[3] i Atlanterhavet. Nabokommunane er Arucas, Santa Brígida og Telde. Hamna heiter Puerto de la Luz.
Innbyggjartalet er 377 650 (2017). Byen er del av det femte største storbyområdet i Spania med om lag 700 000 innbyggjarar.[4] Per 2010 var Las Palmas den niande største spanske byen. Av byar i Den europeiske unionen som ikkje ligg i Europa, er Las Palmas den største.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Las Palmas vart grunnlagd 24. juni 1478 som Real de Las Palmas av Juan Rejón, leiaren for den kastiljanske hæren som invaderte øyane og gjekk til krig mot dei lokale guanchane (innfødde på Kanariøyane). Han har namn etter dei mange palmetrea som voks her.[5]
I 1492 kom Kristoffer Columbus til byen og var her ei stund før han reiste vidare på den første reisa til Amerika. Han stoppa her òg på veg attende til Spania.
I 1883 byrja ein byggja ei moderne hamn ved byen.[5]
I 1927 vart byen den andre hovudstaden på Kanariøyane. Før den tid var berre Santa Cruz de Tenerife hovusdstad.[6][7]
Hamna, Puerto de la Luz, fekk auka betydning på 1970-talet og tidleg på 1990-talet då Suezkanalen var lukka på grunn av Midtausten-konflikten.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Las Palmas har eit subtropisk klima med sommarlege temperaturar året rundt.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Hamna er stoppestad for mange skip som går i fart mellom Europa og Amerika, og blir årleg vitja av tusenvis av fartøy. Det har bunkersoljelager, og blir også brukt som stoppestad for fiskefartøy og passasjertrafikk. Hovudeksportartiklar frå hamna er mellom anna sement, bananar, tomatar og andre landbruksprodukt. Turisme står for om lag 60 % av økonomien.[5]
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjartalet er 377 650 (2017). Nær halvparten (45,9 %) av innbyggjarane på øya Gran Canaria og 18,35 % av innbyggjarane på Kanariøyane bur (per 2008) i byen (per 2008).
Organisering
[endre | endre wikiteksten]Inndelinga av Las Palmas er (per 2018):[8]
- Vegueta, Cono Sur y Tafira
- Centro
- Isleta-Puerto-Guanarteme
- Ciudad Alta
- Tamaraceite-San Lorenzo-Tenoya
Strender
[endre | endre wikiteksten]Her finst fem strender (Las Canteras, Las Alcaravaneras, San Cristobal, El Confital og La Laja).
Festdagar
[endre | endre wikiteksten]Det årlege karnivalet i Las Palmas de Gran Canaria[9] er ein av dei største attraksjonane i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Las Palmas de Gran Canaria» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.laprovincia.es/tags/augusto-hidalgo.html . Vitja 2018-06-30.
- ↑ http://www.ine.es/dynt3/inebase/es/index.html?padre=517&dh=1
- ↑ Situación y Clima. Ayuntamiento de Las Palmas de Gran Canaria.
- ↑ Demographia: World Urban Areas
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «Las Palmas de Gran Canaria». Encyclopædia Britannica. Britannica.com. Henta 4. januar 2020.
- ↑ Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 en wikisource
- ↑ Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 en el sitio web oficial del Gobierno de Canarias
- ↑ http://www.laspalmasgc.es/es/la-ciudad/distritos/
- ↑ http://www.laspalmascarnaval.com